Import

Frå minnekortet til mappa: kontrollerte kopiar, namn og mapper slik du vil ha dei, og culling før siste fil er over.

På denne sida
0:46
Fortalt på engelsk, med undertekstar. Blir spelt frå YouTube når du trykkjer på avspeling.

FLOGVIT.photosuite kopierer bileta av minnekortet, kontrollerer kvar kopi, gjev dei namn og mapper slik du vil ha det, og lèt deg byrje å culle før siste fil er over.

Opne importdialogen#

Importdialogen: kvar bileta kjem frå, kvar dei hamnar og kva dei heiter, og metadataa som blir skrive inn i kvart av dei.
Importdialogen: kvar bileta kjem frå, kvar dei hamnar og kva dei heiter, og metadataa som blir skrive inn i kvart av dei.

Vel File → Import... eller trykk Cmd+I. Dialogen viser kvart minnekort han finn — SD, CFexpress, eit kamera over USB — med namn, kor mange bilete det har, kor store dei er, kvar det er montert og kor mykje som er ledig. Klikk eit kort for å ta det; klikk fleire for å importere frå alle på ein gong. Choose folder... importerer frå ei mappe i staden.

Under Settings → General → Import kan dialogen opne seg sjølv når eit kort blir sett inn (Open import dialog when memory card is inserted), eller du kan hoppe over dialogen og importere med ein lagra profil (Auto-import when memory card is inserted).

Profilar#

Alt i dialogen kan lagrast som ein importprofil med eit namn, og dialogen byrjar frå den du brukte sist. Auto-import brukar profilen du vel for han, og POST /api/import tek ein profil ved namn.

Kvar filene hamnar#

  • Primary — mappa bileta blir kopierte inn i.
  • Backup copy — ei mappe til, på ein annan disk, som får dei same filene med dei same namna og mappene.

Folder structure avgjer kva som står mellom målet og fila:

  • Template — mapper laga av biletet: standard er {image_year}/{image_year}-{image_month}-{image_day}, ei mappe per år og ei per fotodag.
  • Flat — alle bileta rett i målet.
  • Preserve source — mappene slik dei er på kortet.

{image_…}-variablane er augneblinken biletet vart teke; {year}, {month}, {day} og {date} er i dag, importdagen. {camera}, {lens}, {iso}, {project}, {photographer} og resten står i variabelveljaren ved sida av feltet, og dialogen viser kva mappe eit bilete hamnar i medan du skriv. Project og Photographer under Custom variables fyller {project} og {photographer}.

Nytt namn ved import#

Kryss av Rename on import og gje ein mal for filnamnet, til dømes:

{image_date}_{camera}_{seq:4}

som gjev namn som 2026-02-19_NIKON_Z9_0001.NEF. Endinga blir halden på. {seq:4} er eit løpenummer med fire siffer; {original} er namnet kameraet gav fila.

On duplicate seier kva som skjer når ei fil med det namnet alt ligg i målet: Skip lèt henne vere (importerer du same kort to gonger, blir ingenting kopiert to gonger, og eit anna bilete med same namn får eit nytt namn i staden), Overwrite erstattar henne, Rename gjev den nye eit ledig namn.

Kopiane blir kontrollerte#

Verification les kvar kopi tilbake og samanliknar henne med originalen — xxHash (standard, rask) eller SHA-256 — eller None. Ein kopi som ikkje stemmer, blir talt og namngitt i feila til importen.

Delete imported files from the card after verification slettar berre filene som vart kopierte, og berre når kontrollen var på og kvar kopi stemte; eitt avvik eller éin feil, og kortet står som det var. Eject card after import løyser ut kortet når importen er ferdig.

Velje kva som blir importert#

Import filters avgrensar importen til bilete med minst eit tal stjerner sett i kameraet, til verna (låste) eller uverna bilete, og til eit datospenn. Dialogen tel kva som slepp gjennom medan du endrar dei.

Metadata på veg inn#

  • Apply IPTC template skriv ein lagra IPTC-mal — fotograf, opphavsrett, nøkkelord, bilettekst, stad og resten — inn i kvart bilete, med variablane fylte ut per bilete. Det biletet alt har, blir ståande; malen blir lagd oppå.
  • Default values gjev kvart importerte bilete stjerner, flagg eller fargeetikett å byrje med.

RAW+JPEG#

Eit kamera som tek RAW+JPEG lagar to filer per bilete. Begge blir kopierte, saman med sidecar-filer og lydnotat, under eitt namn og eitt løpenummer, så dei held fram som eit par. I mappa blir dei viste som eitt bilete, RAW-en, med JPEG-en ved sida av.

Medan han går#

Importen går i bakgrunnen. Mappa blir opna etter kvart som filene kjem, så du kan byrje å culle med ein gong; Import Panel (View → Import Panel) viser kor langt kvar import har kome, og lèt deg avbryte ein.

esc
    ↑↓ naviger↵ opne